og eg er trufast til din hals

Monday 26 February 2007

Man, you've gotta cherish the moments

Så var endeleg den gamle PC-en tilbake igjen, eg er Odd evig takknemleg. Eg har sakna denne kjære maskina, litt for mykje, i grunn. Men no er han betre enn nokon gong tidligare, og alt er ryddig og fint. Eg elskar jo når ting er godt organisert og ryddig. Eg elskar å sjå at ting kjem i orden, det er vel derfor eg alltid ryddar. Det gjer meg glad å sjå at ting ordnar seg og er som det skal vera. Og no er det det, på alle måtar. Både rommet og PC-en. Betre blir det ikkje.

Eg har funne endå meir ny musikk nå: Procol Harum. Det er ikkje sånn at eg høyrer det konstant, men eg liker musikken, og det er annleis frå det eg har høyrt mest på det siste året. Eg har oppdaga seksti- og syttitallsmusikken litt i det siste, har byrja å høyre på både The Beatles og Led Zeppelin igjen, og eg har funne to "nye;" Big Star og Procol Harum. Takk til Christer Knutsen og pappa for det.
Samtidig har eg falt ordentleg for americanamusikken, også takka vera Christer, men mest Geir. Byrja å høyre litt på Bruce Springsteen, og eg har funne igjen Christer Knutsens musikk. Ikkje at eg nokon gong heilt "mista" den musikken, eg har høyrt på han minst ei gong i veka sidan eg oppdaga musikken hans i fjor, men no har eg gjenoppdaga kor bra musikken faktisk er. Eg får heilt kick av å høyre på det. Det har eg gjort med Janoves soloprosjekt og. 2004-utgåva altså, ikkje 1997. Så eg slit ikkje med å finne musikk å høyre på akkurat no, i alle fall.

Overraskande nok er eg ikkje gått lei Geirs plate enno heller. Huff, det er så fælt det med den plata. Omtrent berre dårlege kritikkar, og eg tviler på at han sel så frykteleg mykje plater, om nokon i det heile tatt. Eg har så vondt av den fyren. Det at det kom så lite folk på platesigneringa i Stavanger og på konserten på Garage i Bergen, gjer rett og slett vondt for meg. Spør meg ikkje kvifor, for eg har ikkje noko svar, men eg har så ufatteleg vondt av og dårleg samvett overfor den mannen. Skulle ønske eg ikkje hadde det, for det er faen meg slitsamt å gå og tenkje på det heile vegen. Men, men, eg er no berre sånn. Eg har dessverre aldri heilt rein samvett.

Men det gløymer me, også fokuserer me på det positive. Det må ein berre gjera. Så får eg heller prøve å berre ynskje Geir lykke til, og ikkje tenke meir på det. For eg kan faktisk ikkje gjera noko som helst meir for han, eg har både vore på konsert (ein gratiskonsert då, riktignok) og kjøpt plata, og hadde eg kunne drege på dei andre konsertane han speler, ville eg uten tvil gjort det.

No comments: