og eg er trufast til din hals

Tuesday 12 June 2007

Eg har ingen tittel til deg i dag

Musikken no: Beach Boys, Beatles, Big Star, Jim Stärk, Skambankt, The Goo Men, Muse.

Dei tre, eller forsåvidt også fire, fyrstnemnte viser at det er sommar. Haha, Beach Boys, dei høyrer eg berre på i sommarferien. Gløymer dei når vinteren kjem. Dei er berre for sommaren.
Dei tre sistnemnte viser at rocken har kome litt tilbake her no. Har vore mykje americana og generell poprock i det siste. Men i går høyrde eg ein song av Muse att, og eg hugsa plutseleg kor bra dei var. Same med Skambankt og Goo Men i dag.

Eg skal visst til Trondheim på fredag. Det kom brått. Fredag til måndag. Flaks at eg har akkurat dei to dagane fri. Onsdag neste veke har eg også fri, eller, det vil seia; eg tek meg fri (avspasering, ingen skulking her i garden, altså). Gidd ikkje vera med på Nebbursvollen, eg kan bade på hytta heller. Åleine.
Det betyr at eg berre har fem skuledagar igjen. Og dei fem dagane er ikkje ordentlege skuledagar i det heile tatt, i morgon og torsdag er 2/3 av klassen på Buerøya, og neste veke er det jo berre såkalla "kos", skal me tru lærarane.
Sommarferie no verkar veldig røyndomsfjernt. Men oh så herleg.

Helvete som eg kjedar meg. Eg har sete inne dei siste to dagane, og det har vore kjempefint vêr. Det same skal ikkje skje i dag. Eg må ut ein eller annan plass, og gjera eit eller anna.

Forøvrig vurderer eg å forandre mitt pessimistiske eg no. Eg har late det leva fritt i fjorten år, seks måneder og sju dagar no. Eller nei. Eg er jo ikkje fødd pessimist. Men uansett har eg tenkt til å slutte no. Av den simple grunn at eg ikkje orkar å krangle meir. Særleg ikkje med Cecilie, som då er den eg kranglar med. Eller diskuterer, som det også kallast. For eg er jo jævla pessimistisk og kverulant, det er ingen tvil om det. Og eg vert lett sinna (men då skal det seiast at eg vert lett glad igjen òg). Det er ikkje bra, så no skal eg slutte.
Okei, det vil eg aldri klare. Men eg skal iallfall halde kjeft om det då. Skal eg kunne diskutere på ein ordentleg måte, må eg halde sinnet inni meg.

Haha. Nei, no går eg og skriv ferdig ei viss liste, eg må jo kunne komme på fleire. Ikkje sant, Silja? prezt.

No comments: