og eg er trufast til din hals

Sunday 3 June 2007

Alle skal med, anten dei vil eller ei!

Eg har hatt bortimot verdas beste helg. Valkampkurs var utruleg morosamt!

Eg skulle møte dei andre på Oslo S, men då eg kom fram dit var synet mitt så dårleg at eg ikkje fann dei. Eg vart ståande og vente til Lo og Tonje plutseleg kom bak meg og drog meg med bort.
Då me kom fram, til Haraldvangen i Hurdal, var det hyttefordeling og middag. Eg hamna på hytte med Tonje, Elin, Najma, Frida og Stine. Eg kjente berre ei av desse frå før av (Tonje), men det var utruleg enkelt å verte kjent med dei andre òg. Eg var heilt klart den yngste, Najma var heile åtte år eldre enn meg, men det hadde veldig lite å seia. Det overraska meg. Alder betyr ingenting når det kjem til AUF, og det er bra. Då kan eg gløyme kompleksa for alderen min litt.

Fredag kveld heldt Stine innleiing om tale- og debatteknikk. Det var veldig lærerikt, og ho er sjølv ein fantastisk god talar. Eg tok ein del notat, og dei skal eg lesa godt på, eg fekk mange gode råd der.
Etterpå hadde me ein skoledebattleik. Ei eg ikkje veit namnet på var representant for Rød Ungdom, Tonje for Senterungdommen, Stian for AUF, Mani (om eg hugsar rett) for KrFU, Edvin for Unge Høgre og Emil for FpU. Emil var veldig opptatt av å hive ut alle innvandrarane, Edvin av å fjerne nynorsken, Mani av å ikkje la homofile få gifte seg eller adoptere, Stian av å skaffe gratis skolebøker på vidaregåande (som alle ekte AUFarar er), Tonje var særdeles opptatt av at me skulle snakke om mjølkekvoter og skyting av ulv, og RU ville gjerne gjennomføre ein væpna revolusjon (sjølvsagt). Dei var så veldig flinke til å parodiere partia. Særleg Tonje, Edvin og Emil. Me lo godt der ja.

Laurdag var det opp klokka halv ni, frukost ni. På denne tida rakk eg å verte ganske godt kjent med Elin, Frida og Sigve. Klokka ti var det Elisabet frå fylkestinget som fortalde om fylkesttingsprogrammet. Lærerikt, det òg. Men eg må seia det var meir interessant då Anniken Huitfeldt kom etterpå og snakka om skulepolitikk. Fint å høyre frå ein "ekte" Ap-politikar.
Så heldt Åsmund innledning om rasisme, inni der var ein del snakk om nynazisme og Frp (som jo eigentleg er ganske synonymt?). Endå meir Frp-prat vart det då Lars Mattis Hansen heldt eit heilt innlegg dedisert til kampen mot Frp. Mykje lærerikt der òg, fekk sjå nokre ganske sjokkerande ting som stod svart på kvitt i programmet deira. Administrasjonen har visst også laga eit hefte med utdrag (dvs dei sjukaste punktane) frå programmet til Frp, det gledar eg meg verkeleg til å få. Frp-kampen ér faktisk uhyre viktig. Me skal, me kan og me knuse Framstegspartiet og Framstegspartiets Ungdom.

Til slutt fortalde Lo litt om korleis valkampen kjem til å verte, og om Utøya, før me var ferdige i kvart-på-seks-tida. Kvart over kom det minibussar og køyrte oss til flyplassen, og nærmare halv åtte var me tilbake i Oslo.

Då var det Cloroformkonsert. Ikkje stort å seia om den, eigentleg, Silja og eg sneik oss inn på attenårsgrenseområdet (det var ikkje akkurat vanskeleg), og fekk sett eit par songar der. Me var diverre veldig treige med å hoppe over gjerdet, så me gjekk glipp av ein del av konserten. Men noko fekk me jo med oss, og ja; Cloroform er jekla bra live.


Fint med ei så fin helg etter å ha vore sjuk i ei veke. Var redd eg ikkje skulle verte frisk til fredag, men det vart eg heldigvis. Og eg føler faktisk at ho har forandra meg (klisjé, men sant). Valkampkurset forandra på nettopp det eg ynskjer å forandre på - eg føler eg er vorte meir utadvendt (kva faen er ordet for det på nynorsk?). Iallfall litt. Og helga har gjort meg generelt gladare og lettare til sinns. Og det betyr mykje for meg.

No comments: